CARF (Commission on Accreditation of Rehabilitation Facilities) er ein amerikansk non-profit organisasjon som har utvikla eit internasjonalt system for godkjenning/akkreditering av verksemder innan helse og rehabilitering. Systemet er utvikla i tett samarbeid med brukarorganisasjonar. CARF-akkreditering blir rekna som det beste og mest solide kvalitetsstempel innan rehabilitering internasjonalt.
Rehabiliteringssenteret AiR blei akkreditert av CARF fyrste gong i 2010. I januar 2013 fekk AiR tildela akkreditering som varer i tre år. Dette er den høgste akkrediteringen som blir gjeve av CARF. Akkrediteringa er ei solid anerkjenning av det arbeidet institusjonen og dei tilsette gjere, både i høve til den praksis som er etablert og fokuset på stadig forbetring og utvikling.
Andre CARF-akkrediterte verksemder i Noreg er: Valnesfjord Helsesportssenter, Sunnaas sykehus, Skogli Helse- og Rehabiliteringssenter, Nord-Norges Kurbad og LHL Røros Rehabiliteringssenter.
Vil du vita meir om CARF – sjå CARF si heimeside www.carf.org.