Frå venstre: Jon Hovda, Stig Grydeland, Geir Jørgen Bekkevold og Svein Kostveit.

I dag har me hatt verdfullt og triveleg besøk av stortingsrepresentant og leiar av Helse- og omsorgskomiteen, Geir Jørgen Bekkevold. Han fekk god innføring i arbeidet som blir gjort her på AiR og korleis me dagleg jobbar med å rettleie deltakarar til å få ein betre situasjon – både i helse, jobb og privatliv.

I løpet av nokre timar møtte og snakka Bekkevold med både deltakarar, fagfolk og leiing samt forskarar innanfor arbeidsretta rehabilitering. Oppmodinga hans er klar:
– Dette tilbodet bør fleire politikarar kjenne til! Me treng kunnskap for å forstå kvifor folk går ut av arbeidslivet, og korleis dei kan få hjelp til å koma tilbake ved å bruke sin eigen verktøykasse. Andre bør også prioritere å koma hit og få kjennskap til kompetansen og kunnskapen om det me politikarar heile tida peikar mot; arbeidslinja.