Det er mogleg å ta vidare- og etterutdanning i allmennmedisin, fysikalsk medisin og rehabilitering, og hospitere ved AiR-klinikk.

Praksis ved AiR-klinikk er godkjend som institusjonshelseteneste i vidare- og etterutdanning i spesialiteten allmennmedisin. Teneste ved AiR-klinikk er og godkjend som sjukehusteneste med 40 poeng/månad. Dagsbesøk ved institusjonen er godkjend som dagsbesøk hjå spesialist/ved poliklinikk med 7 poeng per dag. Strukturert vekeshospitering gir 25 poeng/veke. I tillegg er institusjonen godkjend som sjukehusteneste i eitt år i vidareutdanninga til allmennmedisin, fysikalsk medisin og rehabilitering, og inntil to år for spesialisering i fysikalsk medisin og rehabilitering.

Arbeidsform
Legens arbeid inngår i eit team med sjukepleier/psykolog, fysioterapeut, idrettspedagog og arbeidskonsulent.  AiR-klinikk har eit aktivt fagmiljø med vektlegging av både særfaglege og tverrfaglege prosesser.

For ytterlegare informasjon om hospitering og vidareutdanning, kontakt leiar for AiR-klinikk Gro Karsten Skarholt på tlf. 35 06 28 00.