Søknadsskjema
Ledige stillingar

Sterkt fagmiljø
Senteret vart etablert i 1986 og har sidan oppstarten vore leiande innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. Fagteama er sett saman av lege, arbeidskonsulent/sosionom, psykolog/samtaleterapeut, fysioterapeut og idrettspedagog. Våre fagteam har lang erfaring med mange ulike diagnosegrupper som muskel- og skjelettplager, lettare psykiske lidingar, samansette plager der utmatting har vore eit av dei mest dominerande symptoma, revmatiske lidingar, hjarte- og karsjukdommar og lungesjukdommar.
Rehabiliteringssenteret AiR har om lag 80 tilsette totalt. Av desse er omkring 40 tilsette i klinikken. Som tilsett får du jobbe i ein organisasjon med høg kompetanse innan mange ulike fag. Arbeidet i klinikken er i stor grad teambasert. Uavhengig av rolle vil ein arbeide saman med eit team av kollegaer som har høg kompetanse innanfor andre fag enn deg sjølv. Dette tverrfaglege samarbeidet skapar store moglegheiter for å utvikle seg innanfor si rolle. Du vil jobbe i eit tett fagleg samarbeid med ditt team for å gje deltakarane den best moglege rehabiliteringa me kan levere.
Tilsette i klinikken har mellom anna oppfølgingsansvar for enkeltdeltakarar, ansvar for gruppeaktivitetar, undervisning og enkeltkonsultasjonar. Dei kliniske vurderingane vert i stor grad gjort i det tverrfaglege teamet. Som arbeidsgivar er me opptatt av at dei tilsette skal trivast og at AiR-klinikk skal vere ein inkluderande arbeidsplass. Rehabiliteringssenteret AiR fekk i 2013 tildela IA-prisen frå IA-rådet i Telemark.
Fritid
Utover det faglege vil ein som tilsett ha ein rekke moglegheiter. Arbeidsplassen ligg midt i eit flott naturlandskap med gode moglegheiter for fjell- og toppturar, sykkel, fiske, padling, langrenn og alpint. Dei tilsette har også tilgang til flotte treningsfasilitetar på senteret.
Her finn du Rehabiliteringssenteret AiR
Bustad
Rehabiliteringssenteret AiR har fleire hus og leilegheiter tilgjengeleg for utleige til tilsette. Ta kontakt med oss på tlf. 35 06 28 00 for meir informasjon.