Å vere i gruppe
Gruar du deg til å vere i gruppa?
Ta det med ro, vår erfaring er at gruppa fort vert trygge på kvarandre og ein god sosial arena for deltakarane. Alle på gruppa har det til felles at det er krevjande å vere i jobb eller utdanning på grunn av helseutfordingar. Såleis vil mange kjenne på ei følelse av at ein er i same båt.
Teamet er kjent med at det ofte er fleire i gruppa som har grua seg til det sosiale. Det er difor lagt opp til aktivitetar dei fyrste dagane som skal bidra til at ein raskt vert kjent med gruppa og teamet.
Me har svært gode erfaringar med at gruppa kan vere til hjelp og støtte. Og at ein får med seg positive sosiale erfaringar som kjem til nytte seinare.

Siri sine to reglar
