Arbeidsretta rehabilitering, fire veker dagtilbod i Oslo (oppstart 01.01.2023)

  • Opplegget er gruppebasert, men med individuell tilpassing 
  • 6 dagar fysisk oppmøte i lokala våre i Oslo sentrum 
  • 6 dagar digitale tilbod via PC, mobil eller VR 
  • Deltakarane bur heime  
  • Deltakarane får ei heilhetleg vurdering av funksjonen sin, og ut frå den finn me saman tiltak som kan betre helserelaterte og sosiale problem  
  • Målet er at du, trass helseutfordringar, skal finne gode tiltak som gjer at du kan halde på, eller koma tilbake til, arbeid/utdanningg

Me kallar deg som får dette tilbodet for deltakar. Fordi du skal bidra aktivt i din eigen prosess ved å bli bevisst på kva som er mogleg for deg å få til. Me vil finne fram til moglegheiter og ressursar, framfor å granske problema for mykje.

Gjennom kartlegging, samtalar, ulike aktivitetar og planarbeid i lag med fysioterapeut og arbeidskonsulent jobbar du deg fram til kva for tiltak som må til for å få best mogleg funksjon og balanse i arbeidsliv og privatliv. 

Teamet i Oslo vil ha digital kontakt med fagpersonar i tverrfagleg team ved klinikken i Rauland (lege, arbeidskonsulent, psykolog/samtaleterapeut, fysioterapeut og idrettspedagog). I tillegg får du tilgang til digitale verktøy for PC, mobil og VR som støttar deg i prosessen. Fysisk aktivitet er ein viktig del av opphaldet og du vil få innføring i ulike treningsformer. Dette tilbodet kan også kombinerast med andre lokale tiltak, gjennom til dømes NAV eller Frisklivsentralen, og du kan gjerne vere delvis i arbeid. Me samhandlar og forankrar planen vidare med aktuelle lokale tiltak, NAV eller arbeidsgjevar.

Opptaksområde

Tilbodet er primært for deltakarar frå stor-Oslo, men me tek inn deltakarar frå heile landet, så sant dei kan møte opp i lokala våre i Oslo sentrum dei 6 obligatorisk dagane i løpet av rehabiliteringsprogrammet.

 

 

Ventetid

Me reknar 4 – 8 veker som vanleg ventetid. 

Tilbodet er for deg som:
  • er heilt eller delvis sjukemeld, eller har nedsett arbeidsevne 
  • er i yrkesaktiv alder frå 18 år og oppover, med realistisk moglegheit for og mål om å vera i arbeid eller utdanning
Du kan søkje plass: 
  • viss helsesituasjonen din er tilstrekkeleg utgreidd av helsepersonell 
  • viss målet ditt er å koma tilbake til eller halde deg i jobb og/eller utdanning