Arbeidsretta rehabilitering, delt opphald 8 + 4 dagar i Rauland (oppstart 01.01.2023)
- Opplegget er gruppebasert, men med individuell tilpassing
- Du bur på AiR i to periodar, fyrst åtte dagar, deretter heime i to veker, før du kjem att fire dagar
- Tilbodet er delvis digitalt
- Du får ei heilheitleg vurdering av funksjonen din. Ut frå det finn me saman tiltak som kan betre helserelaterte og sosiale problem som set den tilbake, i arbeid eller i livet elles
- Målet er at du, trass i helseutfordringar, skal finne gode tiltak som gjer at du kan halde fram i eller koma tilbake til arbeid/utdanning
Du medverkar aktivt i din eigen prosess ved å bli bevisst og auke fokuset på kva som er mogeleg for deg å få til. Gjennom kartlegging, samtalar, ulike aktivitetar og planarbeid i lag med fagpersonar i tverrfaglege team (lege, arbeidskonsulent, psykolog/samtaleterapeut, fysioterapeut og idrettspedagog) jobbar du deg fram til kva for tiltak som må til for best mogeleg funksjon og balanse i arbeidsliv og privatliv.
Fysisk aktivitet er ein viktig del av opphaldet. Du vil få innføring i ulike treningsformer.
Fagteamet vil hjelpe deg til å halde fokus på bevisstgjering, utvikling og meistring under heile opphaldet.
Opptaksområde
Vi tek inn deltakarar frå heile landet
Ventetid
Vanlegvis 8-9 veker
Tilbodet er for deg som:
- er sjukemeld, eller har nedsett arbeidsevne
- er i yrkesaktiv alder frå 18 år og oppover, med realistisk moglegheit for og mål om å vera i arbeid eller utdanning
- har vanskar med vera borte ein lengre samanhengande periode pga. (gradert) jobb og/eller familiære årsaker
Du kan søkje plass:
- viss helsesituasjonen din er tilstrekkeleg utgreidd av helsepersonell
- viss målet ditt er å koma tilbake til eller halde deg i jobb og/eller utdanning