Dette må du ha med deg:

  • Dine eigne, faste medisinar for heile opphaldet
  • Aktuelle røntgenrapportar (du treng ikkje røntgenbiletet)
  • Badetøy, treningstøy og joggesko til innebruk
  • Joggesko, fjellsko/gummistøvlar
  • Tøy og sko du eventuelt kan ri i (riding inngår ikkje i kartleggings- og vurderingsopphaldet)
  • Turkopp, liten tursekk og eventuelt termos

Ting som kan vere lurt å ta med:

  • Musikkinstrument og hobbyutstyr
  • PC og vekkeklokke
  • Spinningsko og sykkelshorts

Reiseutgifter

Reiseutgifter til og fra AiR-klinikk (ankomst og avreise) blir dekt av Pasientreiser. Reise må skje på billigaste måte med offentleg transport. Du betalar eigenandel som blir trekt frå beløpet du legg ut. Har du spesielle behov, les Pasientreiser sine reglar for bruk av privat bil.

Reis Smart til AiR                                            

Det går buss til Rauland fra Oslo, Bergen og Grenland via Åmot.

Her finner du prisar og rutetider frå Farte og NOR-WAY Bussekspress.

 

God tur, og velkomen til AiR!

Rom

  • Du får tildelt enkeltrom med bad og wc. Dette vil vera ditt rom gjennom heile opphaldet.
  • Handkle og sengetøy får du låne her.
  • Det er radio og hårtørkar på alle rom.
  • Du har ansvar for reinhald og orden i ditt rom, men vil få god informasjon om rutiner og kvar du finn vaskeutstyr når du kjem hit.
  • I fellesvaskeriet har du tilgang til vaskemaskin mot myntinnkast.
  • Det er tilgang til internett på rommet og i fellesareala, TV berre i fellesareala.

Måltid

  • Kjøkenet vårt serverer frukost, lunsj, og middag i spisesalen kvar dag bortsett frå laurdag og sundag,  då må alle smøre seg lunsjniste ved frukost.
  • Dersom det vert lagt fram legeattest tilpassar me kosten for dei som har spesielle behov. Ta i så fall kontakt med oss før du kjem. Me kan og tilby vegetarkost, men diverre ikkje Vegan og FODMAP.