Deltakarerfaringar

Når deltakarane reiser frå rehabiliteringssenteret etter eit fire vekers opphald,
svarar dei på eit spørjeskjema om korleis dei har opplevd tilbodet dei har fått.

Ein høg prosentandel deltakarar er ganske eller svært fornøgd med tilbodet «alt i alt»
som dei fekk på senteret, her er tala for tidsperioden 2016-2021:

Her er noko av det deltakarane svara i 2021:

• 96 % svara at dei i vart godt eller svært godt mottekne då dei kom til senteret.
• 73 % meinte at dei, i stor eller svært stor grad, fekk tilstrekkeleg rettleiing i korleis dei kunne meistre problem som fylgje av tilstanden sin.
• 94 % svara at dei hadde stor eller svært stor tiltru til det faglege personalet.
• 79 % opplevde at dei vart godt eller svært godt førebudde på tida etter opphaldet.
• 55 % opplevde at helseplagene vart betre i løpet av opphaldet.
• 69 % opplevde at motivasjonen for å koma attende i arbeid vart betre i løpet av opphaldet.

Kor mange deltakarar er i arbeid etter opphaldet ved AiR? 

Arbeidsdeltaking er eit hovudmål for deltakarar i 4-vekers arbeidsretta rehabilitering.

Figuren under viser prosentdel deltakarar som rapporterte at dei var i arbeid ved ankomst, og seks og tolv månader etter rehabiliteringsopphald.
Dette gjeld dei som rapporterte arbeid med eller utan ytingar som sjukepengar, arbeidsavklaringspengar m.m.
Resultata er utrekna for åra 2018-2021 samla.