Om oss
AiR-klinikk har status som landsdekkande helseinstitusjon i spesialisthelsetenesta og er ein del av Rehabiliteringssenteret AiR as – ein privat ideell organisasjon (non-profit) som består av einingane AiR-klinikk og Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering. Senteret vart etablert i 1986 og har sidan oppstarten vore leiande innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering.
Deltakarane våre blir fylgd opp av eit tverrfagleg team beståande av lege, arbeidskonsulent/sosionom, psykolog/samtaleterapeut, fysioterapeut og idrettspedagog. Vi har lang erfaring med mange ulike diagnosegrupper som muskel- og skjelettplager, lettare psykiske lidingar, samansette plager der utmatting er eit av dei mest dominerande symptoma, revmatiske lidingar, hjarte- og karsjukdommar og lungesjukdommar. På grunnlag av vår breie erfaring tilbyr AiR-klinikk rehabiliteringsprogram tilpassa behov hjå ulike pasientgrupper.
Forsking og fagutvikling (FoU)
FoU er i ei oppstartsfase som eigen eining i AiR-klinikk. Mål for FoU er å bidra til å sikre høg kvalitet på rehabiliteringstenestene. FoU er involvert i gjennomføring av brukarkartlegging, dokumentasjon og rapportering av resultat, og deltek i forskingsprosjekt som vert gjennomført ved Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering.
Internasjonalt godkjent klinikk
Styret for Rehabiliteringssenteret AiR er akkreditert etter Carf sin standard Governance Standard Applied (2022-2024).
CARF godkjenner/akkrediterer verksemder innan helse og rehabilitering og det arbeidet institusjonen gjere, både i høve til den praksisen som allereie er etablert og fokuset for å stadig bli betre.