Arbeidsretta kartleggings- og vurderingsopphald, vekesopphald

Vekestilbodet legg vekt på å kartlegge og vurdere om personar med helseproblem har behov for meir rehabilitering, eventuelt andre helsetilbod, for å koma tilbake til eller klare stå i arbeid. Tilbodet er gruppebasert, med individuell oppfylging.

Målgruppe

• Personar som grunna helseplager har falle ut av arbeid
• Personar som grunna helseplager står i fare for å falle ut av arbeid
• Personar som grunna helseplager ikkje har kome i arbeid til trass for utprøva lokale arbeidsretta tiltak

Alle i yrkesaktiv alder fra 18 år og oppover kan søkjast inn. Innsøking er uavhengig av diagnose.

Programmet

• Me kartlegg kva for tiltak deltakaren treng for å styrke arbeidsevna og helsa.
• Me rettleier deltakaren i å utarbeide plan for arbeidsdeltaking og/eller vidare helseoppfylging, og å forankre desse.
• Der det er teneleg vert det etablert dialog med arbeidsgjevar og/eller NAV for best mogleg tilrettelegging/oppfylging.
• Deltakaren vil bli knytt opp til eit team med lege, samtaleterapeut og arbeidskonsulent. Andre fagpersonar vert nytta ved behov.
• Deltakaren tek del i undervising, individuelle samtaler og fysisk aktivitet.

Deltakaren betalar ingen eigenandel for opphaldet.

Opptaksområde

Me tek inn deltakarar frå heile landet.

Ventetid

Vanlegvis kring 8-9 veker. For oppdatert informasjon sjå her.