Ofte stilte spørsmål

Fastlegen din eller anna helsepersonell.

Dersom du får innvilga opphald vil du få eit brev om ventetid, eller du vil bli kalla inn direkte med dato for opphald.

Ventetida vil variere frå nokre veker og opp mot 2-3 månadar.

Du får ditt eige rom med bad og wc.

Det er TV i fellesareala i hovudbygget. Alle rom har trådlaus internettdekning.

Det er ikkje lov å ha med dyr/hund til AiR-klinikk grunna allergi.

Kjøkkenet på AiR er kjent for å servere sunn og velsmakande mat. Det blir servert frukost, lunsj og middag kvar dag i spisesalen – også i helgene.

Me legg til rette for diettar, men ber om at du legg fram legeattest. Ta i så fall kontakt med oss før du kjem. Me kan og tilby vegetarkost, men diverre ikkje Vegan og FODMAP.

Du må gjerne ta i mot besøk under opphaldet, men det er dessverre ikkje mogleg for pårørande å overnatte eller kjøpe mat her på senteret. Det er fleire alternativ for overnatting i Rauland, men vandrarheimen på Raulandsakademiet ligg kun eit par kilometer frå AiR-klinikk.

Fire-vekersopphald:
Det er fri og mogleg å søke permisjon i helgene, bortsett frå den fyrste laurdagen i opphaldet då det er opplegg fram til kl. 12.00.

Vekesopphald:
Deltakarar her kan søkje permisjon frå fredag ettermiddag til måndag morgon, men for å så mest mogleg ut av opphaldet anbefalar me at du blir på huset og deltek på dei friviljuge aktivitetane som blir arrangert då.

 

Det er RKE (Regional koordinerende enhet) og inntaksteam ved AiR som vurderer søknadar.

Det må vere særs gode grunnar for å utesette eit opphald, men ta kontakt med ein av våre helsesekretærar på tlf. 35 06 28 00 om det er vanskeleg å gjennomføre opphaldet til oppsett tid.

Ja, Pasientreiser dekkjer reiseutgiftene til og fra AiR-klinikk (ankomst og avreise).

Du får låne sengeklede og handkle hjå oss.

Du har tilgang til felles vaskemaskin og tørketrommel med myntinnkast.

Du betalar ingenting for eit opphald på AiR.