Reserverte plassar!
UngRehab
UngRehab – eit tilbod for å hjelpe unge vaksne (18-30 år) inn i eller tilbake til arbeidslivet
Når deltakaren kjem til oss blir ho eller han ein del av ei gruppe der alle har det til felles, uavhengig av diagnosar, at dei av ulike årsaker har ramla ut av arbeidslivet, – eller står i fare for å gjere det. I løpet av fire veker arbeider me med å strukturere kvardagen, bryte vonde spiralar og handtere ulike utfordringar. Me legg til rette for meistringsopplevingar, styrking av sjølvkjensla og held fokus på det friske i kvar deltakar. Rehabiliteringssenteret AiR har arbeid som mål, fordi me meiner det er helse i arbeid.
Kvar deltakar får eit tilpassa opplegg, som blir utarbeidd i samarbeid med det tverrfaglege teamet, med lege, samtaleterapeut/psykolog, arbeidskonsulent, fysioterapeut og idrettspedagog.
Dei første dagane brukar me til ulike kartleggingar, slik at me skal finne det tilbodet som er best for den enkelte. Det er dagleg ein til to økter med fysisk aktivitet, det kan vere sykling, gåturar, spinning, sirkeltrening, svømming, kanopadling, klatring eller friluftsliv. Vi har også samtalar og undervisning, gruppevis eller individuelt som handlar om korleis me kan meistre arbeidslivet, og livet generelt, trass ulike utfordringar. Dessutan jobbar me med tema som kosthald og arbeidsliv.
Slik søkjer du om plass (følg lenka under):
Lurar du på om dette er noko for deg, eller nokon du veit om, ta kontakt med koordinatoren vår for unge vaksne:
Alle bilete bortsett frå portrett: © 2021 Stein Hofve