Eit døgn på AiR
Ein vanleg dag
Startar etter frukost, kl 0800, deretter er det aktivitet og undervisning fram til kl 1530. Etter det har du fri. Det er også fri i helgane, bortsett frå den første helga.
Dei fyrste dagane
Opphaldet startar med eit felles velkomstmøte, med litt praktisk informasjon, omvising og høve til å bli kjend.
Dei første dagane går mykje med til kartlegging av helsemessige og arbeidsmessige tilhøve og nokre økter med ulik fysisk aktivitet, slik som turar, ballspel, gym, stavgang og bassengtrening.
Etterkvart blir det også meir undervisning knytt til arbeid og mental trening.
Fritidstilbodet – organisert og uorganisert aktvitet
Det er tilbod om å vere med på ulike aktivitetar som slik turar, VR, spel og handtverkskurs. Du kan også nytte treningsanlegg og lavvoar på fritida.
Tilbodet varierer med årstidene.
På handtverkskursa må du betale ein eigenandel for materialane du brukar.