Rehabilitering, ikkje behandling

AiR tilbyr arbeidsretta rehabilitering. Målet med rehabiliteringa er at deltakarane våre skal fungere så godt som mogeleg i arbeidsliv og i det daglege. Nokre gonger med mindre helseplager, andre gonger til tross for helseplagene.

Me har fokus på samspelet mellom dei ulike faktorane som påverkar helsetilstanden, og vil vanlegvis ikkje gå inn på einskildproblem.

Når du kjem til oss vil du bli møtt av eit tverrfagleg team. Du vil få tildelt ein primærkontakt som du vil ha mest kontakt med, og vere del av ei gruppe som deltek saman i undervisingsøkter og aktivitetar. Kartleggingssamtaler og oppfølging frå primærkontakt vil foregå i individuelle samtaler. Alle som kjem hit har det til felles at dei har nokre helseutfordringar som gjer det vanskeleg å stå i arbeid. Mange av deltakarar våre tek store val eller må prøve å gjere om på innarbeidde mønster under opphaldet. Dette krev mot, innsats og motivasjon. Men du kan forvente deg støtte og veiledning av høgt kompetente fagfolk undervegs. Les meir om opphaldet her.

Av deg forventar me at du stiller i undervising, aktivitetar og avtalar og at du er motivert for å gjere endringar i tilværet.