Slik kan du førebu deg

Tida før du kjem til AiR kan du nytte til å førebu deg.

Strukturer kvardagen:

  • Kom inn i ein døgnrytme der du kjem deg opp om morgonen
  • Et regelmessige måltid
  • Få litt frisk luft kvar dag
  • Start med litt fysisk aktivitet. Prøv deg på litt trening, og få deg litt dagleg mosjon

Førebu deg mentalt på at du skal gjere ein jobb for deg sjølv når du er på AiR. Dette er ein anledning til å få tid heimafrå til å jobbe med det som er viktig for nett deg. Kva ynskjer du å bruke opphaldet på?

Trykk her for å sjå korleis eit døgn på AiR er.