I boka «Meir enn berre raspa gulrøter!» finn du oppskrifter på mange fargeglade og smaksrike vegetarretter frå AiR-kjøkenet.

Kjøkenet her på huset kombinerer både grønsaker, kjøt og fisk i menyane sine, men det kan vera spennande å gjere ein vegetar-vri som variasjon, seier kjøkensjef Ane Killingtveit (bildet).

Mange trur nok at vegetarrettar krev ukjende og vanskelege råvarer å få tak i, men slik treng det ikkje å vera.
– I boka har me har lagt vekt på å bruke heilt enkle råvarer som du kan kjøpe i vanlege matbutikkar, seier Ane og oppmodar:
– Sjølv om ein har eit vanleg kosthald, kan det vera spennande å prøve vegetarretter av og til. I boka har me difor sett saman oppskrifter du kan bruke både til frukost, middag og mellommåltid.

Slik skaffar du deg boka
Kjøp den i resepsjonen, eller bestill boka på e-post til tinging@air.no
Prisen er kr 230,- + evt. porto.
Du kan få tilsendt faktura eller betale med Vipps til 565748.