AiR–klinikk er ein del av Rehabiliteringssenteret AiR (før Attføringssenteret i Rauland) og har status som landsdekkande helseinstitusjon i spesialisthelsetenesta. Senteret ligg i Vinje kommune, i den vakre fjellbygda Rauland. Kommunen har ca 3 720 innbyggjarar fordela på tre tettstader og eit areal på størrelse med Vestfold fylke. Rauland ligg midt i Sør-Noreg med 210 kilomter til Oslo, 260 kilometer til Bergen og om lag 250 kilometer til Kristiansand.

STERKT FAGMILJØ
Senteret vart etablert i 1986 og har sidan oppstarten vore leiande innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. Fagteama er sett saman av lege, arbeidskonsulent/sosionom, samtaleterapeut (psykolog/sjukepleiar), fysioterapeut og idrettspedagog.  Våre fagteam har lang erfaring med mange ulike diagnosegrupper som muskel- og skjelettplager, lettare psykiske lidingar, samansette plager der utmatting har vore eit av dei mest dominerande symptoma, revmatiske lidingar, hjarte- og karsjukdommar og lungesjukdommar.

Rehabiliteringssenteret AiR har om lag 80 tilsette totalt. Av desse er omkring 40 tilsette i klinikken. Som tilsett får du jobbe i ein organisasjon med høg kompetanse innan mange ulike fag. Arbeidet i klinikken er i stor grad teambasert. Uavhengig av rolle vil ein arbeide saman med eit team av kollegaer som har høg kompetanse innanfor andre fag enn deg sjølv. Dette tverrfaglege samarbeidet skapar store moglegheiter for å utvikle seg innanfor si rolle. Du vil jobbe i eit tett fagleg samarbeid med ditt team for å gje deltakarane den best moglege rehabiliteringa me kan levere. Tilsette ved klinikken trekk fram at dette tverrfaglege arbeidet og samhaldet gjer arbeidet meiningsfult, utviklande og triveleg!

Tilsette i klinikken har mellom anna oppfølgingsansvar for enkeltdeltakarar, ansvar for gruppeaktivitetar, undervisning og enkeltkonsultasjonar. Dei kliniske vurderingane vert i stor grad gjort i det tverrfaglege teamet. Som arbeidsgivar er me opptatt av at dei tilsette skal trivast. Me ynskjer og å være ein inkluderande arbeidsplass. Som teikn på dette vart me i 2013 tildela IA-prisen frå IA-rådet i Telemark.

Utover det faglege vil ein som tilsett ha ein rekke moglegheiter. Arbeidsplassen ligg midt i eit flott naturlandskap med moglegheit for toppturar, sykkel, fiske, padling, langrenn og alpint. På rehabiliteringssenteret har og dei tilsette fantastiske fasilitetar til trening på fritida.

RAULAND
Som den største vinterdestinasjonen i Telemark har Rauland hatt ein av landets mest omfattande hytteutbyggingar gjennom fleire år. Inntekter frå den store kraftproduksjonen har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på offentlege tenesteytingar i kommunen – spesielt innan skule, helse og omsorg. Vi har full barnehagedekning og eit aktivt og blømande kulturliv. Høgskolen i Sørøst-Norge har gjennom si avdeling på Rauland, Institutt for folkekultur, eit nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst – folkemusikk og folkekunst.

NATUR & FRITID
Rauland ligg ved foten av Hardangervidda nasjonalpark og er ein særskilt ypperleg stad for deg som vil dyrke fritidsaktivitetar gjennom heile året. Dei kontrastfylte årstidene legg på mange vis premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar. Vinteren er snøsikker og legg til rette for skiaktivitetar av alle slag, medan dei snøfrie årstidene gjev uendelege moglegheiter for fotturar og fiske i høgfjell, skog- og lågterreng.

BU
Fortelle litt om moglegheitene for å hus/leilegheiter ov.