Surveyteamet frå CARF, tolkar og tilsette ved AiR. Frå venstre: Håvard Jakobsen Ofte (assisterande leiar klinikk), Gary Payton (tolk), Adam J. Cornett (program surveyor), Egil Jøsendal (økonomisjef), Marcello Rivano-Fischer (admin surveyor), Mathias I. S. W. Nielsen (leiar klinikk og psykolog), Svein Kostveit (direktør), Jon Hovda (leiar administrasjon), Jan Tore Pahr (overlege, fysikalsk medisin og rehabilitering), Ingerid Hayes (tolk).
Rehabiliteringssenteret AiR Klinikk har på ny fått internasjonal kvalitetsgodkjenning
– Gjev stor motivasjon i arbeidet med å utvikle tilbodet vårt
Det seier leiar for AiR Klinikk, Matias I. S. W. Nielsen, etter at det internasjonale akkrediteringsorganet CARF (Commission on Accreditation of Rehabilitation Facilities) konkluderer med at AiR leverer rehabiliteringstenester på høgt internasjonalt nivå.
Rehabiliteringssenteret AiR har sidan midten av 80-talet vore ein nasjonal leverandør av arbeidsretta rehabilitering i spesialisthelsetenesta, og har kvart år cirka 800 personar på opphald. Tilbodet er for menneske i yrkesaktiv alder som grunna ulike helseplager slit med å stå i jobb og kvardagslivet generelt.
–Dette er ei flott validering av innsatsen til våre tverrfaglege team. Dei jobbar dagleg med å rettleie menneske som har ei brei vifte av problemstillingar. Ei slik ekstern evaluering understrekar tydeleg den høge kvaliteten i arbeidet og den merkbare skilnaden det medfører for dei som nyttar vårt tilbod, kommenterer Nielsen og seier vidare:
– Me er stolte av at akkrediteringsprosessen nok ein gong har stadfesta at arbeidet vårt, der me kombinerer helsefremjande intervensjonar med eit sterkt arbeidsretta fokus, framleis held eit høgt internasjonalt nivå.
Omfattande vurdering
Ved årsskiftet vitja CARF-teamet AiR i tre dagar for å vurdere kvaliteten på den arbeidsretta rehabiliteringa dei tilbyr. Vurderinga innebar ein grundig gjennomgang av kvaliteten på styringssystem, prosedyrar, rutinar, kompetanse og det konkrete rehabiliteringstilbodet. I prosessen blei både deltakarar, tilsette, samarbeidande helseaktørar og oppdragsgivar Helse Sør-Øst intervjua av godkjenningsorganet.
Eit viktig kvalitetstempel
AiR Klinikk har hatt den beste akkrediteringa frå CARF sidan 2010. For å oppnå dette må ein institusjon over tid arbeide målretta med ivaretaking av kvar enkelt deltakar/pasient sine særskilde behov. Dei må kontinuerlig arbeide med forbetringar, og synleggjera at tenestene deira gjev resultat for dei som er mottakarar av tilbodet.
–Det er godt å få ei ekstern vurdering som omtalar ei rekkje sterke sider ved AiR, og som også gjev oss tilbakemeldingar me kan arbeide vidare med, seier direktør ved Rehabiliteringssenteret AiR, Svein Kostveit.