
Torsdag 22. august krona Tawan Boohna (19) den toårige læretida si som kokk med ei vel bestått fagprøve her på AiR:
– Eg var ikkje veldig stressa, så det gjekk bra, smiler han.
Tawan flytta frå Thailand til Notodden hausten 2012, og bur der i lag med syster, mor og stefar. I vekene har han budd på hybel i Rauland. Tawan fortel at han har hatt to fine år saman med jentene på AiR-kjøkenet, men at det var ein del nytt å forhalde seg til då han flytta hit.
– Det er masse rare dialektar her, ja! Men eg har lært mykje, og kollegaene mine har vore så snille med meg, smiler han.
Kjøkensjef, Ane Killingtveit, er stolt av innsatsen.
– Me gratulerer Tawan så mykje med ein kjempejobb, og eg gratulerer også det fantastiske kjøkenteamet som står bak denne toårige utdanninga.
Spanande reise vidare
Om tre månader set 19-åringen seg på flyet til austen igjen. Då skal han nemleg flytte tilbake til Thailand, nærare bestmemt heimstaden Sisaket, som ligg på grensa til Kambodsja. Der skal han jobbe som gardbrukar og mellom anna drive med kyr og grønsaksdyrking.
Fredag 30. august har Tawan sin siste arbeidsdag hjå oss. Me takkar han for mykje god mat og trivelege smil, og ynskjer han ei morosam og gjevande reise vidare.