Trude Brostigen Ringhus hadde eit opphald på AiR-klinikk våren 2015.
– Det var utruleg effektfullt å koble vekk kvardagslivet og sjå livssituasjonen min på litt avstand. Eg oppdaga at mange av dei gjeremåla og tankane som eg trudde var viktige, slettes ikkje var det.
Ho fortel at opphaldet blei ein trygg og god arena til å rydde i eige tankesett og liv, men at det er lurt å vera førebudd på at du i løpet av dei fire vekene på AiR faktisk kan oppdage at livet ditt må gå i ein annan retning enn du trudde.
Frå å vera fullt sjukemeld, gjekk Trude gradvis tilbake i jobben som pedagogisk leiar i Edland barnehage etter opphaldet. Hennar råd er:
– Søk hjelp, ta ting gradvis og skund deg sakte. Det har iallefall vore alfa omega for meg.