Oppskrifter

Fullkornbrød

0,5l lunka vatn
1 pk fersk gjær
500 g kveite sammalt fin
150 g kornblanding (50 g linfrø, 50 g solsikkekjerner, 50 g hakka mandlar)
1 ts salt
2 ss eplecidereddik

Bland gjær i lunka vatn (ca. 37 grader). Bland i alt det de tørre. Tilsett eddik. Smør ei brødform og strø linfrø i botn. Tøm deigen i forma (deigen treng ingen heving før steiking). Strø på gresskarkjerner eller havregryn til pynt. Steik brøda i 60 minutt ved 180 C. Sett gjerne ei eldfast form med vatn i botn av steikeomnen under steikinga. Etter steiking tek du brøda ut av forma og avkjøler dei på rist.

Grønsaksvaflar (8 porsjonar)

Ein vaffel av grønsaker. Røra kan stå klar i kjøleskapet slik at til dømes barna kan steike når dei kjem heim frå skulen. Andre grønsaker som kålrot, persillerot og sellerirot kan også brukast. Vaflane er også eit sprekt tilbehør til middag, turmat, tapas og til pølse.

6 stk potet
4 stk gulrot
2 ss finhakka frisk kruspersille
2 ss finhakka frisk graslauk
4 stk egg
2 ss potetmjøl
30 g smør eller rapsolje
salt og kvit pepper

Framgangsmåte:
Skrell potetene og gulrøtane og riv dei på eit råkostjern. Tilsett kruspersille og graslauk og bland alt godt saman. Tilsett egget og potetmjølet. Smak til med salt og pepper. Smelt smøret og ha det, eller rapsoljen, i røra. Steik grønsaksvaflane i vaffeljern og avkjøl på rist.

Orientalsk linsesuppe

1 liter vatn
200 g raude linser
1 lauk
1 båt kvitlauk
1 stang purre
1 skive selleri
1 gulrot
2 ts gurkemeie
Litt pepper + salt evt. litt chili, honning eller sukker
2 ss olivenolje

Framgangsmåte:
Rens og kutt grønsakene i små bitar. Ha dei i ein kjele og fres dei i litt olje på middels varme til grønsakene blir møyre. Skyll linsene i kaldt vatn og ha dei i kjelen saman med grønsakene. Fyll opp med vatn og kok i 20 minutt. Smak til med salt, pepper, chilie, gurkemeie, sukker eller honning, sitron og ingefær.

Ostekake i glas med bringebær (8 porsjonar)

Vaniljekesam og bær passar godt saman. Tilset knusa havrekjeks og vips så har du ein lettvint ostekake med bringebær.

Ingrediensar:
8 stk havrekjeks
400 g bringebær
2 beger kesam vanilje, 7,4 %
evt. 1 vaniljestang og litt appelsinskal

Evt. litt sjokolade, valnøttar eller mynte til pynt.

Framgangsmåte:
Knus kjeksen og legg dei i glas. Om du vil kan du smake kesamen til med litt ekstra vanilje og appelsinskall. Då deler du vaniljestanga i to på langs og skrapar ut vaniljefrøa med ein kniv. Legg eit lag med kesam på kjeksen. Neste lag er bringebær (bruk gjerne andre bær også om du har). Pynt med sjokolade og valnøtter, mynte eller liknande.

Ovnsbaka tortilla med oliven og paprika

Tortillaen er baka i omnen for at den skal bli ekstra luftig og høg. Serverast som eigen rett med salat og heimelaga tomatsalsa til, som tapas eller ved sidan av annan middag.

Dette treng du:
4 poteter
1 stk lauk
5 bukettar broccoli
1 stk raud paprika
2 båtar kvitlauk
10 stk svarte oliven
6 egg
6 ss lettrømme
3 ss olivenolje
100 g riven ost
salt og pepar etter smak

Framgangsmåte:
Varm omnen til 190°C. Skrell poteter og lauk og del paprikaen i to og rens den for frø. Skjer poteter, lauk og paprika i små terningar. Del oliven i to. Fres potet og lauk saman med litt olje i steikepanna i 5-6 minutt. Smak til med salt og pepar. Tilsett paprikaterningar, broccoli og kvitlauk og fres vidare i eit par minutt. Visp saman egg og rømme, og smak til med salt og pepar. Tøm dette over grønsaksblandinga og ha riven ost på toppen. Steik i omnen i ca. 30 minutt. Når tortillaen er ferdig, ta den ut av forma ved å vende den over på ei skjerefjøl. Del tortillaen i «kakestykke» og server den anten lun eller kald.

Salat med fetaost eller brie

1/2 stk raudlauk
1/2 pk sukkerertar
1/2 stk isbergsalat
1/2 pk ruccola
5 stk reddik
5 stk raud cherrytomat
Litt fetaost eller brieost
frisk basilikum til pynt

Dressing:
3 ss olivenolje eller rapsolje
1 ss eddik, eplesidereddik, balsamico, lime eller sitronjuice
1 ts sennep
Litt salt og pepper
1 ts honning
Urter etter sesong
Start med eddik, salt, pepper, honning og sennep. Bland dette og tilsett olje i ein tynn stråle under
stadig visping til dressingen tyknar.

Framgangsmåte:
Skyll og rist godt av salaten. Skjer raudlauken i tynne ringar, snitt sukkerertar i mindre bitar, skjer reddikar i tynne skiver og del cherrytomatane i to. Legg alt på eit stort fat eller i ein romsleg bolle. Riv fetaost eller brieost i bitar og legg på like før servering. Drypp over dressingen, ha på litt nykvernet pepper og basilikumblad. Serverast med godt brød.

Tomatsalsa        

Neste gong du skal eta tortilla, taco eller annan texmex-mat, så lag din eigen heimelaga salsa. Den er sunnare og mykje, mykje betre.

Ingrediensar:
3 stk tomat
1 liten stk raudlauk
1 båt kvitlauk eller ½ kinesisk kvitlauk
1 ss hakka frisk timian
3 ss olivenolje
Skal og saft av ½ stk sitron
litt honning
Balsamico eddik, salt og pepper evt. chili etter smak

Framgangsmåte:
Del tomatar i små bitar. Rens og finhakk raudlauk og kvitlauk. Fres dei i en forvarma steikepanne med olivenolje til dei får ein gylden farge. Tilset tomatane og fres dei med. Tilsett hakka frisk eller tørka timian og basilikum. Smak salsaen til med sitronsaft, balsamico, honning, salt og pepper og chili. Bland alt god saman. La salsaen stå kjølig før servering.

Vegetarisk smørepålegg av soltørka tomat og baka paprika

Soltørka tomat og søt, baka paprika gjev fin farge og nydeleg smak. Bruk dette som erstatning til smør, som pålegg eller som dipp til grønsaksnacks.

Ingrediensar:
1 dl soltørka tomat i olje
1 stk raud paprika
1 båt kvitlauk
40 g valnøttkjerner
1 dl olivenolje
1 ss hakka frisk timian
nykverna pepper

Framgangsmåte:
Del paprikaen i to og bak den i omnen på 260°C i 15 minutt. La den avkjøle i ein plastpose. Etter ei stund er det lett å dra av skinnet. Køyr skinnfri paprika og alle dei andre ingrediensane i ein hurtigmiksar til ei jamn blanding. Held seg i kjøleskåp i ca. 5 døgn.