Rauland, 20. mars 2020
PRESSEMELDING: AiR er uroa over lokalbankane sin manglande vilje til handling
Lokalbankane våre er institusjonar som har eit særskilt ansvar i lokalsamfunnet når vanleg aktivitet bremsar opp og stoggar. I tiltru til mellom anna det, nyt dei godt av stor tillit og høg grad av lojalitet frå både små og store næringsverksemder, frå innbyggjarane og frå AiR si side – ikkje minst frå mange av våre dyktige (no permitterte) medarbeidarar.
Det er eit vonbrot at bankane våre både er seine med å varsla rentenedgang (kvar dag tel når lånet er på millionar), og at dei ikkje fylgjer opp vedtak frå Noregs Bank. No er difor tida for bankane å visa seg den tiltrua verdig og vera tydelege på at dei tek tak og lyfter saman med alle andre.
Bankar flest var raske med varsla avdragsutsetjing. Eit viktig tiltak, men er dette generøst? Er dette ei utstrekt hand?
Dette er tiltak som hjelper lånekunden over ein kneik. Lånetakaren må ut med mindre pengar no, men vert straffa i det lange løp ved at det totalt sett må betalast meir renter over løpetida til lånet.
Som bankkundar har me alle sett at bankar, som hovudregel, i mange år har levert meir enn solide økonomiske resultat. Dei har rapportert aukande rentemarginar som no er historisk høge. Det er viktig med solide finansinstitusjonar, men AiR trur ikkje at norske bankar generelt eller lokalbankane spesielt vil verta rysta i sin grunnleggande soliditet om rentemarginen kjem under press i nokre få månader.
AiR vil med dette oppmoda lokalbankane om ein rask og monaleg rentereduksjon til beste for samfunnshjula og hardt pressa lånekundar.
Samstundes understrekar me at me har forståing for at dette må vera mellombels.
Kontaktperson:
Direktør Svein Kostveit, tlf. 480 37 560